Fordjup deg i Jon Fosses forfattarskap

Jon Fosse er tildelt Nobelprisen i litteratur for 2023. 
Nasjonalbiblioteket har verdas største samling av materiale av og om Jon Fosse, og bevarer og forvaltar Fosses privatarkiv og alle verka hans. Gjer et djupdykk i forfattarskapen i Nettbiblioteket der du finn bøker, teaterprogram, plakatar, tidsskrift- og avisartiklar og mykje anna Fosse-materiale.
En mannn og en kvinne som står bøyd over et bord og ser på bøker, papirer og hefter som ligger der.

Årleg internasjonalt Fosseføredrag og omsetjarstipend på Nasjonalbiblioteket

I samband med at Jon Fosse vert tildelt nobelprisen i litteratur for 2023 vil regjeringa leggja til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren – ei årleg Fosse-førelesing med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket, der det òg vert tildelt eit Fosse-stipend. Regjeringa vil på denne måten medverka til å markera kor viktig forfattarskapen til Fosse er for Noreg og internasjonalt.

Om Jon Fosse

Jon Fosse er ein prislønna norsk forfattar og dramatikar. Fosse har skrive romanar, dikt, barnelitteratur, essay og skodespel, i tillegg til at han har omsett og gjenfortalt fleire klassiske verk. Han er mellom dei mest spela nolevande dramatikarane i verda, og er ofte omtalt som «den nye Henrik Ibsen». Sjølv skriv Fosse på nynorsk. Teaterstykka hans er omsette frå nynorsk til meir enn 50 språk. Han blei i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur «for hans nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det useielege», som det heiter i grunngjevinga til juryen.

Kjelde: Store Norske Leksikon

Om Fosseforedraget

Den årlege førelesinga skal haldast av ein internasjonalt kjend forfattar, dramatikar, litteraturforskar e.l. som vert invitert av Nasjonalbiblioteket i samråd med Jon Fosse. Under dette arrangementet vil det òg verta delt ut eit stipend for opphald i Noreg for ein omsetjar som arbeider med å omsetja norsk litteratur til andre språk. Mottakaren av stipendet vert vald ut av NORLA (Norwegian Literature Abroad) i samråd med Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse.

En hvit mann med sort dress og briller holder en større bok i hendene.
Nobelprisen til Jon Fosse er først og fremst ei anerkjenning av den store betydninga av hans forfattarskap og, ikkje minst, originaliteten. Men dette er òg ei stor hending for norsk litteratur, for nynorsken og for det fantastiske i at ein kan vere så lokal og samstundes så internasjonal, slik Fosse har vist oss i både dramatikk og romanar. Nasjonalbiblioteket gratulerer Fosse og takkar han for litteraturen han har gitt oss.
Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar
Dramatiker og forfatter Jon Fosse besøker Nasjonalbiblioteket. Jon Fosse donerer sitt privatarkiv til Nasjonalbiblioteket. Her klipp fra Dag og Tid fra 1983. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket.

Verdas største Fosse-samling

CD-ar og videoar. I tid strekker det seg frå då Fosse fekk sitt første innlegg på trykk i Norsk Barneblad i 1973, heilt fram til i dag.

Materialet blei tidlegare oppbevart ved Nynorsk kultursentrum, som lenge arbeidde for å etablere eit permanent Fosse-arkiv. Arkivet kompletterer det som allereie er verdas største samling av materiale av og om Jon Fosse.

Eg er takksam for at det vart teke initiativ til eit Fosse-arkiv, for alt det gode arbeidet Nynorsk kultursentrum gjorde, og eg er takksam for at Nasjonalbiblioteket ville ta over materialet, og arbeida vidare med dette Fosse-arkivet.

Jon Fosse

I desember 2021 besøkte Fosse Nasjonalbiblioteket for å sjå på arkivmaterialet saman med avdelingsdirektør for fag og forskning Hege Stensrud Høsøien.

Utval frå Fosse-forfattarskapet i Nettbiblioteket

Jon Fosse. Dramatiker, forfatter. Sort-hvitt-bilde av Foss som smiler.

Fosse-bibliografi

Finn ut meir om litteraturen til Fosse i Nasjonalbibliotekets bibliografi over alle utgjevingane hans.

Fosse i teatret

I samarbeid med Scenewebarkivet har Nasjonalbiblioteket registrert Fosse-produksjonar på scener over heile verda.